entertainments

Kultur, Stangvikfestivalen | «Dette verket vil bli oppført ofte heretter. Men først fekk vi altså høre det i Stangvik.”

Written by admin

Linard Vrielinks «Moments of Vision» and Frode Fjellheims «Gievliej gaskesne – Between the circles» skapte ein unik, lyttande respons i den store forsamlinga. Når noko heilnytt, stilmessig delvis uvant og krevande skaper varme vibrasjonar hos alle, svarar det godt til ideen bak årets Stangvikfestival. Fornying, opning av kulturelle (og geografiske) grenser, og gi varierte kunstopplevingar til alle, er visjonen – slik fylkesvaraordførar Line Hoem poengterte det i opningshelsinga onsdag. Dette er tydeleggjort i samarbeidet med Cultitude 6263, som engasjerer utøvarar frå ei rekkje nasjonar.

Så var det da også ein internasjonal mannskvartett som her urframførte Linard Vrielinks «Moments of Vision». Songsyklusen, med det symbolske talet på syv satsar, er musikalske refleksjonar over Livet og Lyset, med tre liturgiske tekster og fire dikt av Thomas Hardy. I framføringa deltok den nederlandske komponisten sjølv som førstetenor saman med barytonane Jaka Mihelac (Slovenia) og Adam Kutny (Poland) og bassen Erik Rosenius (Sverige).

Dei krevande vokallinjene med skiftande kraftfullt og vart uttrykk vart tolka med ypperleg klangkvalitet og storarta ensemblefølelse hos alle fire. In eit par enkelttonar i det 40 minutt lange verket, utan akkompagnement, virka litt anstrengte, skiplar ikkje ei fantastisk oppleving av malmfull song og utstråling.

Ustoppeleg applause lokka fram ekstranummer. Og da dei fire utlendingane gav oss sin gripande versjon av «Når fjordene blåner» (med «Gud signe deg, Norge, mitt deilige land»), fanst jo ingen landegrenser lenger!

På vårt spørsmål etter konserten sa Vrielink at han har henta inspirasjon frå russisk kyrkjemusikk og komponistar som estniske Arvo Pärt. Publikum i Stangvik skapte ein fantastisk atmosfære for urframføringa, tykte han.

Festivalkomponist Frode Fjellheims «Between the circles» (Gievliej gaskesne) tek utgangspunkt i breiddegradsområdet 6263. Dei tre joik-inspirerte satsane vart framført av Ensemble 6263 med Torodd Wigum som direct og med Sigrid Vetleseter Bøe Fjellåkeut.

Verket sprudlar av liv og rytme. Orkesterinstrumenta (og blant dei vokalsolisten) leikar seg med kvar sine musikalske element på ein måte som talar om samhørighet og deling. Klangverknadene er lekre og fargerike – ja, endatil musikaran trer til med kviskrande tekst her og der.

Satstitlane refererer til samiske kulturelement. Fortel «The Circular Pulse» in joik har sirkelform og stadig puls. «The Circular Vuelie» brukar ein joik (vuelie) frå Røros-traktene, medan finalen «Shape» brukar 6263-gradene som skalatrinna 6-2-6-3!

Ein rørt komponist delte kjenslene med ei like rørt og begeistra forsamling. Dette verket vil bli oppført ofte heretter. Men først fekk vi altså høre det i Stangvik.

På festivalens nest siste kveld oppsummerte primus motor Jo Inge Nes årets kulturveke, på vår oppfordring slik:

– Fantastic! Da vi begynte å sysle med denne utforminga av Stangvikfestivalen 2022, trudde vi knapt dette var muleg. Men vi har oppnådd noko vi håpa – å bidra til framgang og fornying, slik det er nødvendig i all kultur.

Oppslutninga i Bøfjorden, Todalen og her i Stangvika har vore enorm. Flott at folk kan bli begeistra for kultur – også mykje som dei kanskje ikkje visste at dei lika!

About the author

admin

Leave a Comment