Rektor ser førsteklassingar som er skuletrøytte – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

– One, two, three, four, five, six, seven, eight, nine, ten – jacket!

– Yes!

Det er engelsktime i 1D på Fjelltun skole på Jørpeland i Ryfylke. I dag har dei hjørneleiken. Elevane er så inne i leiken at til og med gledesutbrota kjem på engelsk.

Lærer Elisabeth Jøssang Spørkel med elev i 1d på Fjelltun skole på Jørpeland

Lærar Elisabeth Jøssang Spørksel lukkar auga mens ho og ein elev tel til ti i hjørneleiken.

Photo: Åse Karin Hansen/NRK

Mens læraren eller ein elev tel til ti, spring dei andre elevane til kvart sitt hjørne kor det er hengt opp plakatar med engelske ord. Står elevane i hjørnet med ordet som blir ropt opp, er dei ute av leiken.

– Det er gøy, seier Lilli Tungland Barka.

– Heilt einig, Mr. Nikolai Haugaland Hansen.

For engelsk er ikkje så gøy dersom det berre er vanleg undervising.

– Det er så vanskeleg, seier Frida Skoie Hovland.

Dei to andre nikkar og er heilt einige. Snart er dei ferdige med sitt første skuleår. Eit skuleår som har vore bra for fleire, men ikkje alle.

Rektor Gerd Næss Barka for Fjelltun skole for Jørpeland

– Me har ganske mange elevamed ein til ein-dekning kor me må skjerma dei og gje dei tett oppfølging. Det håpar me skal endra seg med nytt opplegg, seier rektor ved Fjelltun skole i Strand kommune, Gerd Næss Barka.

Photo: Åse Karin Hansen/NRK

Ser mange skuletrøytte

– Me har skuletrøytte ungar heilt ned i første og andre trinn, seier rektor ved Fjelltun skole, Gerd Naess Barka.

Spesielt mange gutar finn seg ikkje til rette på skulen og har åtferdsproblem, ifølge rektoren.

Derfor ser rektoren til eit


Skuleprosjekt in Kristiansand


når ho frå hausten av ønsker dei nye førsteklassingane velkommen til nye Fjelltun skole på Jørpeland. Det blir ein av dei største barneskulane i landet.

Stikkord for timeplanen til seksåringane blir:

  • Forste time start tar med leik.
  • «Magisk møte» skal erstatta elevsamling.
  • Korte friminutt blir erstatta med langt friminutt midt i skuledagen.
  • Temasamlingar erstattar tradisjonelle fag som norsk, matte og engelsk.
  • Klassar blir erstatta av grupper med fargenamn.

– Har gått for langt med krav og forventningar

Timeplanen er inspirert av “Alle med-prosjektet” til Mosby oppvekstsenter i Kristiansand og skal gjelda for alle førsteklassingar i Strand kommune.

Det hårete målet er at alle elevate skal grina når det blir sommarferie fordi dei likar skulen så godt at dei ikkje vil ha ferie.

– Me har køyrd på med krav og forventningar og eg trur det har gått for langt. Nå er det å gå tilbake til då seksåringane kom inn i skulen. Då var det større fokus på leik, undring, utforsking og det å tenna engasjementet til elevane, seier rektor Naess Barka.

Gode ​​erfaringar in Kristiansand

See Mosby oppvekstsenter i Kristiansand har dei gode erfaringar med tre skuleår med «Alle med-prosjektet». Sentralt i dette er å starta første skuletime med ein time leik.

Karen Stenslund

– Førsteklassingane hos oss lærer ikkje bokstavane før etter påske. Då har me gjort elevane så trygge på kvarandre og skulen at dei lærer fort, seier rektor ved Mosby oppvekstsenter i Kristiansand, Karen Stenslund.

Photo: Sigurd Schaathun

– Me har ingen barn som ikkje er ein del av fellesskapet og ingen barn me må bruka ekstra ressursar på, seier rektor ved barneskulen, Karen Stenslund.

Målet til Stenslund er at ordninga med meir leik for førsteklassingane skal gjelda over heile landet. Så langt har ho halde foredrag for skuleleiarar fleire plassar i landet.

Frå hausten innfører også skulen i Kristiansand leik på timeplanen for alle trinn, frå 1. til 7. klasse.

– Kvardagen skal vera god for alle barn. Det handler om å setja saman dagar med mykje aktivitet som gjer at elevane ikkje kjedar seg på skulen. Ein skal læra gjennom leik, men det er meir fagleg og mindre leik for dei høgare klassetrinna.

1d for Fjelltun skole for Jørpeland and Ryfylke

I klasse 1D på Fjelltun skole har dei alt i dag ein del leik i undervisinga. Men det skal bli meir for dei som kjem til hausten på den nye skulen på Jørpeland.

Photo: Åse Karin Hansen/NRK

Håpet til rektoren er at prosjektet skal blir forska på av Universitetet i Agder.

Får Inn as mykje kunnskap

På Jørpeland i Rogaland seier rektor Næss Barka at meir leik for førsteklassingar ikkje kjem i konflikt med læremåla i grunnskulen.

– Det er ikkje kompetansemål før etter andre trinn, og me trur me vil komma betre ut fagleg med den nye metoden. Og gjerne med litt meir glød og iver over å gå på skulen.

Årets førsteklassekull på Jørpeland er også positive til den meir leikne timeplanen frå hausten av.

– Lurt, series Frida Skoie Hovland.

– For example, synest det blir litt gøyare for dei som går i første klasse fordi dei får oftare leiketid, seier Nikolai Haugland Hansen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.