Skogen var det einaste ho hadde – så kom gravemaskinane – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

– Å mista desse trea betyr å mista det som gjer det nokolunde leveleg her. Bortsett frå personalet sjølvsagt, som gjer ein kjempejobb.

Birgit Aadeland har den siste månaden budd i Boganes bufellesskap i Gauselvågen i Stavanger.

Det går ein kanyle gjennom luftrøyret hennar som hjelper til med pustinga, og ho treng difor tilsyn døgnet rundt.

Skogen og terrassen med ettermiddagssola har vore viktige lyspunkt i den nye kvardagen hennar.

Men utanfor vindauget riv gravemaskinane ned skogen for å bygga ein veg som skal gå langs med husveggen der kor Aadeland bur.

Birgit Aadeland framfor vindauget med utsyn mot skogen

Synet av skogen har vore eit lyspunkt i kvardagen til Aadeland.

Photo: Kristina Kassab Liland/NRK

– Det er ikkje til å halda ut.

Leiinga ved institusjonen hadde berre høyrt rykte om utbygginga av bussvegen. Dei visste derimot ingenting om stikkvegen som skulle gå rett igjennom skogen deira.

Då vegplanane nådde dei, var det para seint å koma med innspel.

Ikkje pålagd å varsle

Verksemda Hillevåg og Hinna heimebaserte tenester leiar den daglege drifta ved Boganes, og er igjen underlagd Stavanger kommune helse og velferd.

Stavanger helse og velferd vart varsla om at planarbeidet vart sett i gong, og at planforslaget var sendt ut på høyring.

Likevel valde dei å ikkje varsla vidare til verksemda.

Det er dei heller ikkje pålagde, det er ei vurdering kommunen sjølv må ta.

Sjølv om reguleringsplanen stod klar oktober 2020, vart Hinna og Hillevåg heimebaserte tenester fyrst varsla i mai i år – ei veke før skoghogsten skulle byrja.

Utbygginga av bussvegen ved Gauselvågen.  Store delar av skogen rundt omsorgsbustadane er rivne.

I samband med utbygginga av ein ny bussveg ved Gauselvågen vert den litle skogen mellom vegen og bufellesskapet riven.

Photo: Kristina Kassab Liland/NRK

Verksemdsleiar Hildegunn Tønnessen og medarbeidarane hennar bad om eit møte med prosjektansvarlege i fylkeskommunen. Dei tykte stikkvegen var svært inngripande.

Me såg eit behov for å snakka saman og fortelja kva brukargruppe me har, kva deira behov er, seier Tønnessen.

Same dag som møtet fann stad, byrja trehogsten.

Fylkeskommunen var imøtekomande, og føreslo å setta opp ein skiljevegg mellom stikkvegen og husveggen for å skjerma bebuarane frå trafikken.

Boganes bufellesskap.  As ved husveggen skal det gå ein ny stikkveg og skogen som står der skal rivast.

Den nye stikkvegen skal gå langs med husveggen, like ved fellesterrassen og forbi vindauga til fleire av bebuarane.

Photo: Kristina Kassab Liland/NRK

– Varslinga forsvinn påvegen

Bygningsansvarleg para omsorgsbustadar i Stavanger, Arvid Evertsen, meiner leiinga burde vorte varsla tidlegare.

– Viss det er eit hus som er i nærleiken av vegutbygginga, får eigaren nabovarsel – her er det ikkje noko problem. Ein institusjon består derimot av fleire instansar. Nokon eig tomta, nokon driftar institusjonen og nokon bur der, og då forsvinn varslinga på vegen. Stop your glippen ligg, fortel Evertsen.

Burde Hinna og Hillevåg heimebaserte tenester vorte varsla?

– Ha. I utgangspunktet kan kommunen verta betre til å varsla dei tilsette sånn at dei har trivsel.

Han meiner det er ugunstig å setta opp eit gjerde på Boganes.

– Då kjem bebuarane til å sjå rett ut i ein vegg. Det kjem dessutan til å verta bråk med prosjekteringane, både sprenging, bored og det som medfører.

Evertsen er usikker på kva løysinga vert. Nå ligg det i fylkeskommunen sine hender.

– Alt er jo mogleg, men kor mykje vilje det er til å få det gjort er ein annan ting.

Å føla sec verdifull eller ikkje

birgit aadeland

Aadeland håper at skogen eller i alle fall delar av skogen kan få stå

Photo: Kristina Kassab Liland/NRK

Korleis skal vi få tilgang til ettermiddagssol utan å sitja på utstilling kloss oppi bilvegen, spør Aadeland.

Ho fortel at ho vil vera ei stemme for dei som bur her ved å snakka om skogen og betydinga den har.

Skogen, og terrassen utanfor felleskjøkenet, er det einaste som minner om eit friskt liv, fortel ho.

– For example, håper, for example, har fått formidla at dette gjeld ei oppleving av å føla seg verdifull eller ikkje.

Leave a Reply

Your email address will not be published.